Ellingsøy kyrkjelyd > Vis


Påskekyrkje Ellingsøy - Seiersfane


Seiersfane

Seiersfane
I kyrkjekunsten er det ofte detaljar som kunstnaren har plassert med formål og plan.  Nokre slike detaljar kan det gå lang tid før vi oppdagar og tenker over.  
Eit slikt uttrykk finn vi i oppstodebiletet i Ellingsøy kyrkje.  Motivet er Peter og medapostlar som er på fisketur på Genesaretsjøen.  Som så mang ein gong før drog dei ut når mørket fall på.  Ikkje eit napp.  Ikkje ein spor.  Sørgelege greier.  
Men ein ukjend på stranda gav dei eit oppdrag:  «Kast garnet på høgre sida av båten.»
Dei så gjorde, og fangsten var overveldande.  Det er Herren, sa Johannes, og Peter hoppa ut av båten, han kunne ikkje kome til sin Herre og Meister fort nok.  
Det er SEIERHERREN som står der på stranda.  Eit bål er tent.  Han gir dei brød og steikt fisk å ete.  Han er Herre over naturkrefter og naturressursar.  Han har nyleg demonstrert for nokre utvalde at han er også Herre over dødens makt.  
Vimpelen til venstre i biletet er ei seiersfane der krossen er framheva som eit seiersteikn.  
I Borgund kyrkje finn vi liknande motiv.  Ved Petersalteret ser vi Guds Lam med seiersfanen.  
For alle oss som strevar med både det eine og det andre, er det godt å vite at han står og går ved vår side uansett ytre omstende.  Da kan vi møte både påsketida og alle andre tider med blikket festa på trua sin opphavsmann og fullendar. 

Norsk Salmebok nr. 209
T  1975 Svein Ellingsen    M  1983 Conrad Baden

1 Døden må vike for Gudsrikets krefter!
Du som var død, er vår Herre i dag!
Kristus, du lever og står ved vår side
her hvor vi rammes av jordlivets slag.

2 Selv om vi føler oss svake i verden,
bærer vi i oss et grunnfestet håp:
Livets oppstandelse påskedagsmorgen,
underet, skjedde på ny i vår dåp.

3 Livet og døden, ja, alt er forvandlet!
Dåps-vannet gjenspeiler regnbuens pakt.*  * 1 Mos 9,14-17
Troen er gitt oss: Guds rike skal seire!
Mørket som binder oss, mister sin makt.

4 Løftet står fast når vår fremtid er truet:
Ingen skal rive oss ut av Guds hånd!
Engang skal Gud få sin skapning tilbake.
Verden blir frigjort fra fiendens bånd.

5 Døden må vike for Gudsrikets krefter!
Livet er gjemt i et jord-dekket frø.
Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve.
Se, i oppstandelsens lys skal vi dø.
 

Du kan lese siste andakt "De er mine vitne" her.

Tilbake