Ellingsøy kyrkjelyd > Vis


Påskekyrkje Ellingsøy - De er mine vitne


"De er mine vitne"

Kunstkuben i Ellingsøy kyrkje har fire sider. I kristen tyding står 4-talet vanlegvis for dei ulike himmelretningane, nord, sør, aust og vest.  Altså verda sitt tal.  
På undersida av kuben er dette framstilt på fleire vis:  4 sider av kuben, 4 ‘vegar’ ut frå eit sentrum mot hjørna.  Og 4 symbol, figurar som leier oss til dei fire evangelistane.  MATTEUS er representert ved ein ENGEL.  MARKUS har fått LØVA som sitt symbol, eller attributt.  LUKAS kjenner vi att som OKSEN.  Og JOHANNES har fått ØRNA som symbol.  Der er meining og historie bak dette også.
Langs dei fire ‘vegane’ ser vi antydning til papir, pergament, eller bokrull.  Det minner oss om at fortellingane om Jesus frå Nasaret vart først overlevert munnleg, så samla i eigne skrifter av dei fire evangelistane.  
I sentrum av undersida på kuben finn vi jordkloden, med land og hav, menneska sin stad.  Apostlane og evangelistane fekk eit oppdrag av Jesus, den oppstadne:  «Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene,  og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,  og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem.  De er vitne om dette.» Lk 24,45-48.
Alle som er døypte med den kristne dåpen har fått del i den frelsa Jesus vann ved sitt liv her på jorda, ved sin død og ved si oppstode.  Dermed har alle døypte også fått del i oppdraget med å gjere evangeliet, den glade bodskapen, kjend for alle, både nært og langt unna.
Ellingsøy kyrkjelyd er med på dette mellom anna gjennom MISJONSPROSJEKTET  ‘MIDTØSTEN’ i samarbeid med Det Norske Misjonsselskap.  
Ekstra meiningsfullt og berikande er når kristne jorda rundt kan dele åndelege skattar med kvarandre.  Ein påskesalme vi gjerne syng, kjem frå Tanzania, og står på nr. 204 i Norsk salmebok:  
T  1966 Bernhard Kyamanywa
O  1969 Howard S. Olson, 1979 Anne M. Brodal, 1984 Per Oskar Kjølaas
M  Melodi fra Tanzania

1 Han er oppstanden. Halleluja!
Lov ham og pris ham! Halleluja!
Jesus, vår Frelser, lenkene brøt.
Han har beseiret mørke og død.
Omkved
Lov ham og pris ham, vår Frelser og venn,
han som gir synderen livet igjen!
Halleluja! Vi skyldfrie er.
Halleluja! Vår Jesus er her!

2 Tre dager dødens fange han var
før han stod opp og seiren var klar.
Tvers gjennom gravens stengsel han gikk.
Frelse og fred ved Jesus vi fikk.
Omkved

3 Engelen ropte: Frykt ikke mer!
Han som du søker, er ikke her.
Se, der er stedet hvor han ble lagt.
Han har stått opp – som selv han har sagt.
Omkved

4 Gå og fortell at tom er hans grav.
Livet han vant, da livet han gav,
gav det for oss og kjøpte oss fri.
Frelse og fred han alle vil gi.
Omkved


Du kan lese gårsdagens andakt "Den Levande" her.

Tilbake