Dåp


Når eit barn blir bore til dåp, blir vi minna om at ingen kan bera seg sjølv.

Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekk seg over heile verda – og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å fylgje barnet alle dagar.