Ellingsøy kyrkjelyd > Vis


Påskekyrkje Ellingsøy - Den Levande


Den Levande

God påske, seier vi til kvarandre, om enn på litt avstand i år.  Det er ei fin helsing som er allemannseige.  
I oppveksten hugsar eg at vi venta med å seie ‘God påske’ til 1.påskedag var der.  Sjølv om vi bar fram helsinga til dei vi visste vi ikkje ville treffe påskedagen.  Som med ‘God jul’.  
Det mest vanlege kunstuttrykket frå påskedagen er DEN TOMME GRAVA.  At Jesu grav var tom, var alle enige om.  Men der var mange teoriar om kva som hadde hendt:  Likrøveri.  Feil grav.  Feil person.  Skinndød.  Hallusinasjonar. 
Dei fire evangelistane har ei anna forklaring:  Grava var tom fordi Jesus hadde stått opp frå dei døde.  Han synte seg lys levande for læresveinane fleire gonger.   Han kom og gjekk uavhengig av dører og veggar.  Paulus skriv at ein gong viste han seg for meir enn 500 personar samla på ein gong.  Alle desse hendingane er vitnemål som inviterer  til  tru.  

I Ellingsøy kyrkje kjem også dette til uttrykk i den store runde ‘altertavla’ i frontveggen.  Motivet er henta frå ei hending ved Genesaret-sjøen.  Peter kjeda seg eller var rastlaus.  Han ville ut og fiske der han var kjent.  7 av læresveinane var også med.  Fiskaren og evangelisten Johannes fortel at dei fiska heile natta utan å få noko.  Då dei nærma seg land etter mislykka fisketur, stod ein person der som spurde om dei hadde fått fisk.  Ingen fangst.  Ikkje eit napp.  «Kast garna på høgre sida av båten,» sa mannen på stranda.  Og resultatet er kunstnerisk framstilt av Håkon Gullvåg.  Og garnet revna ikkje sjølv om fangsten var hinsides stor.  Joh 21.
Og der på stranda ved Genesaretsjøen fekk læresveinane brød og steikt fisk av Meisteren.      

Denne hendinga kjem fint fram i ein påskesalme for små og store.  Norsk salmebok 2013 nr. 203.
T  1957 Anders Frostenson
O  1972 Olaf Hillestad, 
M  1957 Gunnar Thyrestam

1 De trodde at Jesus var borte.
De trodde at Jesus var død.
Da kom han på stranden en morgen
som lyste rød.

2 Han stod midt iblant dem som alltid.
Et bål lyste opp med sin glød.
Han lot dem få fisker i garnet
og gav dem brød.

3 Tro ikke at Jesus er borte!
Tro ikke at Jesus er død!
Han lever og gir oss å spise
av livets brød.
Jesus har stått opp fråd ei døde.  Han er DEN LEVANDE.  GOD PÅSKE!
RS


Du kan lese andakta "Løysepenger" her.

Tilbake