Ellingsøy kyrkjelyd > Vis


Påskekyrkje Ellingsøy - Løysepenger


Løysepenger

Både små og store som har studert kunstkuben i Ellingsøy kyrkje har undra seg over desse lyse rundingane som er spreidd omkring på ulike bilete.  Verkar nesten som kunstnar Håkon Gullvåg har ynskt at spørsmåla skulle kome.  
Tankane våre går til ein annan situasjon der SØLVPENGAR vart slengt.  Det skjedde da Judas Iskariot opplevde at hans plan  tok ei heilt annan veg enn det han hadde tenkt.  Og da var det for seint.  Han kasta dei tretti sølvpengane inn i tempelet etter ein kort argumentasjon med overprestane og dei eldste.  Det er vanskeleg å kome heilt til rette med Judas Iskariot sin plass og hans historie.  Det siste vi høyrer om han, kan vi finne i Matteus kapittel 27. 

Men pengar hadde også ei anna historie.  I Det gamle testamentet finn vi noko om LØYSEPENGE for den som var skuldige til døden.  Altså det som måtte betalast for å få sett fri ein dødsdømt.   På gresk vert dette ordet brukt om å kjøpe ein slave fri.  
I Det nye testamentet blir løysepenge brukt som eit bilete på Jesu soningsdød på krossen.  
«Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.» Mt 20,28.

Tankane kan også gå til det vesle runde brødet som oftast vert brukt i nattverden i kyrkja vår.  OBLATEN som blir delt ut, har biletet av Jesus på krossen prega inn, med bokstavane over:  INRI; Jesus frå Nasaret, Kongen over Jødane.   

Norsk Salmebok 2013 nr. 141.  

T  1975 Britt G. Hallqvist
O  1976 Svein Ellingsen
M  1975 Egil Hovland

1 Han gikk den tunge veien
opp til Jerusalem.
Han gikk med sine venner,
med dem som skulle svikte ham.
Han gjorde det for dem.
Han gjorde det for dem.

2 Han gikk den tunge veien
opp til Jerusalem.
Der ble han tornekronet
og skamslått under mengdens hån.
Han led, han led for dem.
Han gjorde det for dem.

3 Han gikk den tyngste veien,
der bar han selv sitt kors.
Han bad: «Min Gud, forlat dem.»*
Han ga sitt liv på korsets tre,
han gjorde det for oss,
for alle og for oss.
* Luk 23,34

Du kan lese gårdsdagens andakt "Nedtaking" her.

Tilbake