Det er ikkje så ofte at nedtakinga av Jesus frå krossen er framstilt i kyrkjekunsten. Går vi rundt altaret i Ellingsøy kyrkje, ser vi «baksida» av kuben der denne hendinga er synleggjort på ein måte som gjer inntrykk på dei fleste. Det nye testamentet hevdar at det er Guds Son som vart uskuldig hengt på krossen, ‘døydde og vart gravlagd’ som det lyder i truvedkjenninga.
Alle evangelistane er samde om at ein mann med namnet Josef frå Arimatea tok ansvar for Jesu døde kropp. Han var hemmeleg disippel av Jesus, og ein akta rådsherre som venta på Guds rike. Og han stilte til disposisjon ei ny grav.
Også rådsherren Nikodemus stilte opp. Han med salve av myrra og aloë til Jesu døde kropp, ikkje mindre enn 100 pund, om lag 33 kg.
Eit dikt av lyrikaren Arnold Eidslott har fått plass i Norsk salmebok 2013, nr. 176.
Dette var å finne i diktsamlinga ‘Den tause ambassadøren’ frå 1980, i fylgje ei kommentarbok v/ Vidar Kristensen: ‘Stevnemøte med salmeboka’, Eide forlag.
Diktet heiter «Josef frå Arimateas klage.»
T 1980 Arnold Eidslott M 2008 Eilert Tøsse
Omkved
Å løft ham sakte
Løft ham sakte ned
1 Du smertenes mann
Mitt hemmelige alter
Å løft ham sakte
Løft ham sakte ned
2 Hugget i dødens marmor
lyser du i verdens mørke
Å løft ham sakte
Løft ham sakte ned
3 Svøp ham i det dyre lin
Vær varsom løft Ham sakte
Å løft ham sakte
Løft ham sakte ned
(11 vers)
Du kan lese andakt "Krossfesting" her.