Påskekyrkje Ellingsøy - Fotvasking


Fotvasking

Vi høyrer til dei priviligerte i verda, med normalt nok av godt vatn, til å drikke, matlaging og til reinhald.
Dette var også viktig for jødane på Jesu tid. Og fotvasking gjorde godt, men var ikkje eit høgakta arbeid.  
I Johannesevangeliet 13 les vi om kanskje verdens mest omtalte fotvasking.  Under påskemåltidet, som Jesus fornya til det kristne nattverdmåltidet, tok han fatt på oppgåva til dei som stod nederst på rangstigen.  Det var ei oppgåve for tenarar eller slavar å vaske mannfolkføter som hadde drege med seg litt av kvart gjennom dagens vandring. Vi forstår at Peter protesterer, men det endar opp med ny bestilling frå han:  Heilrens.  
Konklusjonen på Jesu heilage fotvasking er tindrande klar:  «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?  De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.   Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre.   Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.»  Joh 13,12-15.
I desse dagar tenker vi med takk og bøn på alle dei som bøyer seg ned for å ta vare på den som treng å bli rein, i det ytre og det indre, det kroppslege, og i det sjelelege og åndelege.  
Jesu eksempel står der og kallar på alle og ein kvar.  Og mange strekker seg svært langt for å hjelpe, lækje,  lindre og  trøyste.  

Norsk salmebok nr. 163
T  1995 Edvard Hoem        M  1995 Henning Sommerro

1 No vaskar han føtene deira 
og tørkar dei varsamt med kledet. 
No vaskar han føtene deira, 
og minner dei om dette eine, 
at han, som er son av den høgste, 
er komen til oss for å tene. 
No vaskar han føtene reine.

2 Slik lyfter han slaven til fridom. 
Han vaskar bort støvet frå vegen.
Den livslange, strevsame vegen
skal ende hos han, i Guds rike.
Og han som er son av den høgste,
han bøyer sitt hovud mot jorda,
og slik blir han menneskets like.

3 Slik sprenger han tilværets gåte.
Han bur seg til møtet med døden. 
Han tener fordi han er herre. 
Han bøyer seg ned for å sone.
Han førebur gudsrikets orden:
Dei siste skal vera dei første. 
Den minste skal stå ved hans trone.

PS!  Skjærtorsdag er eit underleg namn på ein dag.  Det kjem frå det gamalnorske ordet ‘SKIR’ som betyr ‘REIN, reinsa.’ 

Du kan lese andakt "Hanegal" her.

Tilbake