Påskekyrkje Ellingsøy - Hanegal


Hanegal

Mange dyr og fuglar er omtala i Bibelen.  Vi forstår at også Jesus og disiplane levde nær naturen med fuglane under himmelen og husdyr.  Jamvel hanen har fått sin plass i evangeliet.  Ja, alle fire evangelistane nemner hanen, og det er ikkje til ære for læresveinen Peter det Jesus profeterer om hanegal.   Evangelisten Markus får ordet:  
Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!» 30 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» 31 Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle. Mk 14,29-31.
Seinare måtte Peter bite i seg desse orda.  Gråtande gjekk han ut i nattemørket. Mk 14,66-72.  Etter jødisk tidsrekning var hanegal tida mellom midnatt og klokka 3.  
Hanen i kyrkjekunsten minner oss om våre menneskelege grenser.  Vi vil meir enn vi kan.  Vi lovar meir enn vi kan halde.  Men der var håp for Peter. Og der er håp for oss. 

Du kan lese andakt "Palmesøndag" her.

Tilbake