Påskekyrkje Ellingsøy - Palmesøndag


Har du lagt merke til kunsten i Ellingsøy kyrkje?

Alle som har sett kunsten i Ellingsøy kyrkje har sett ei påskekyrkje.  Måleria som kunstnaren Håkon Gullvåg har laga, talar sitt tydelege språk sjølv om mange synest at dei vi ser på dei ulike motiva er heller utydelege.  
Ikkje minst SKJÆRTORSDAG, LANGFREDAG og PÅSKEDAG har ein tydeleg plass i kunsten i dette gudshuset.  
Men er PALMESØNDAG å finne?  
Det er slik med desse bileta som med mykje anna kunst; di lenger du ser, di meir ser du.  Går du framover i kyrkja og mot venstre, har vi der eit tydeleg Skjærtorsdagsmotiv med fotvaskinga. 
Men vi skimtar i bakgrunnen eit motiv frå Palmesøndag:  Også eit esel har fått sin plass.  Vi får eit glimt av dette gjennom ei dør og inn i ‘bakgården.’  Der står eselet som gjorde teneste som Kongens ridedyr Palmesøndag.  På sitt vis fekk det sin plass i frelseshistoria med bakgrunn i ein gamal profeti frå profeten Sakarja:  
Ver ikkje redd, dotter Sion!
Sjå, kongen din kjem,
ridande på ein eselfole.  

Slik Johannes(12,15)  tek opp att orda frå Sakarja 9,9.  
Hosianna!  «Frels no!»
Dette er eit ord og eit rop som har lydt i fleire tusen år i skriftlesing og salmesong.  
Og vi kan synge med i Norsk Salmebok nr. 23:  

T  Matt 21,9    O  Bibelselskapet    M  1977 Egil Hovland
Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han,
velsigna Davids son
som kjem, i Herrens namn!
Hosianna i det høgste,
hosianna, Davids son!
Velsigna, velsigna, velsigna vere han!
Velsigna Davids son
som kjem, i Herrens namn!
Jau, Palmesøndag er å spore opp også i Ellingsøy kyrkje.  
Reidar Standal

 

Tilbake