Ord til ettertanke 2 søndag i påsketida.


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 2.søndag i påsketida.

Tekst: Joh 20,24-31

«Ikkje vantru, men truande»

Tomas var ikkje ilag med dei andre læresveinane då Jesus kom gjennom stengde dører og synte seg for dei etter oppstoda. Han var tvilande til det dei fortalde. Jesus måtte komme igjen når Tomas var der og gi han nettopp dei teikna han trengte for å kunne tru at det verkeleg var Jesus som hadde stått opp frå dei døde.

Vi får av og til teikn som tyder på at Jesus er hjå oss. Desse teikna på Jesu nærvær og hjelp skulle vi bere med oss i minnet og la dei få tale til oss også når vi ikkje erfarer den oppstadne. Slik kan vi vandre i tru om ikkje i syn.

Eg kan ta mine erfaringar av Guds nærvær og «plante» dei inn i dei dagane og tidene som er som indre ørkenlandskap. Dette kan eg gjere fordi trua veit at han vil vere nær. Han vel å vere hjå meg om eg ser det eller ikkje.

Det er Guds lovnader i Bibelen vi må støtte oss til dei dagane vi ikkje ser. Det er ein bodskap vi blir invitert til å ta imot i tru, og vi blir invitert til å sjå livet vårt og dagane våre med trua sine auge som tar inn det våre alminnelege auge og vår alminnelege forstand ikkje kan oppfatte.

Tomas måtte få konkrete bevis før han kunne tru at Jesus verkeleg var oppstaden. Og han fekk det. Av og til hender det at vi også får erfare ting som lettare let seg forklare med eit bibelsk verdsbilete enn med ei gudlaus meir eller mindre moderne forståing. Dette skal vi ta vare på og gøyme i hjarta til hjelp for dei dagane når vi ikkje ser.

og så er Du hos meg

også når jeg

ikke tenker på Deg

Når jeg ser en annen vei

er Du bak mitt blikk

og ser med meg

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake