På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 4. søndag i fastetida.
Tekst: Joh 6,24-36
«Livsens brød»
Jesus Kristus ynskjer å bli tatt inn og bli ein del av oss. Han kallar seg sjølv mat. Der er mange måtar å ta til seg denne maten på: å høyre og å sjå, å lukte og å smake. Jesus er ikkje berre for intellektet vårt, men for kroppen også. Kristen tru er ikkje først og fremst det å halde visse læresetningar for sanne, men det er å vere eitt med Kristus. I dåpen vart denne einskapen til. Vi vart eitt med Kristus i døden og oppstoda hans. Seinare vert einskapen fornya kvar gong vi høyrer eller ser Kristus eller evangeliet om han.
For nokre år sidan kom det ut ei bok om sunt kosthald med tittelen «Du er hva du spiser». Slik er det med vår andelege helse også. Det vi tar inn blir ein del av oss – blir den vi er. Vi klarer oss ikkje utan påfyll. Og det livsens brød som Kristus er, er ikkje på rasjonering.
«Kom, alle tørste,
kom til vatnet!
De utan pengar
kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar,
vin og mjølk utan betaling!
Høyr no på meg,
så skal de få eta det som godt er,
og fryda dykk over feite retter.» (Jes 55,1f)
Kristus gjer seg til eitt med brødet og vinen som vi får spise og drikke i nattverden. Når vi tenker på han gjer han seg til eitt med vår tanke og kjem oss nær. Når vi svelt og tørstar etter nærleik til Gud og menneske, møter Han oss i vår lengt og vil det samme.
Jesus hadde nett gjort eit stort mirakel og metta fem tusen med fem brød og to fiskar. Flokken fylgde etter Jesus som kunne gi mat for magen. Dei skjøna ikkje kva teiknet betydde: At Jesus ville dele av seg sjølv til dei som ein endå viktigare mat.
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.