På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 2. søndag i fastetida.
Tekst: Luk 13,22-30
«Kjemp»
Kva hadde vi sakna i evangeliet om denne teksten ikkje var med? Kanskje den forestillinga at det kristne livet inneber ein kamp. Vi må kjempe for å komme inn gjennom den tronge døra. Vegen til Guds rike er ikkje brei, men smal. På den eine sida er alle Guds gåver nåde og gratis. På den andre sida involverer livet i Guds rike heile oss. Vi kan ikkje halde noko attende. Der er ikkje nokon del av livet som Kristus ikkje får innsyn i og kastar sitt lys over. Vil vi at han skal kjennast ved oss når han kjem i sitt rike, må vi allereie no kjennast ved oss sjølve framfor hans blikk. Då blir vi sakte men sikkert kvitt ein del staffasje som gjer det vanskeleg å komme inn gjennom ei trong dør.
Jesus Kristus vil ha oss alle med i sitt rike. Det å slutte oss til han er ikkje noko vi bør vente med til eit høvelegare tidspunkt. Festen har allereie byrja. Kampen for å komme inn handlar ikkje om å oppnå ein eller annan religiøs status, men tvert om å bli avkledd våre eigne såkalla ferdigheiter og sette vår lit til Kristus. Han er den som innbyr og som har sørga for gratis adgang.
Den tida vi gjennomlever no, med krig, øydelegging og flyktningestraum, gjer ikkje denne teksten mindre aktuell. Vi må også no sette vårt håp til Kristus. Krig gjer oss fattige. Det er så mykje vi ikkje rår med. Kampen for å bevare eit sinn og ei livsform som høyrer heime i Guds rike, gir håp.
Velg mennesket
ikkje prinsippa
eller dei taktfaste orda
Velg augene som ser
og øyrene som høyrer
Velg orda som finn fram
i lengten
og er sanning
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.