På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til fastelavenssøndag.
Tekst: Luk 18,31-34
«Opp til Jerusalem»
Når vi skal ut på reise, må vi førebu oss, og den viktigaste førebuinga er kanskje å vite kvar vi skal. Jesus førebur læresveinane sine på kva som er målet for reisa, kva som skal skje når dei kjem fram til Jerusalem.
Kanskje kan vi sjå på den komande fastetida som ei reise også for oss? Ei reise som har eit mål, men der målet ikkje berre ligg framfor oss ved enden av ei horisontal rørsle.
Vi kan sjå oss sjølve som vandrande kors med seks orienteringspunkt: Oppe, nede, framme, bake og ut til sidene.
For kvart steg vi tar denne fastetida ynskjer Gud å trekke oss inn i sitt fellesskap. Han vil at vi skal erfare på djupet i oss kva det betyr at Han er vår himmelske Far. Dette er den loddrette aksen i korset.
Baksida og framsida av korset er fortid og framtid. Baksida er det vi ber med oss i ryggsekken. Der har vi pakka med oss nyttige ting, men også ting som tynger oss og hindrar oss på vandringa.
Framsida ser og opnar seg mot målet og blir dratt mot det slik at føtene lyfter seg steg for steg.
Sidene strekker seg utover og omfamnar det og dei vi finn langs vegen.
Kvart steg på vandringa er verdifullt og fullt av mulegheiter.
Sløs ikke med sekundene
Merk deg minuttene
Denne timen
har ingen annen sett
Denne dagen
bærer deg like inn
i Hans herlighet
Neste steg er ikkje berre eit middel til å nå eit mål i ei horisontal rørsle framover, men har dimensjonar ved seg som vi kan lære å utforske når vi stansar opp og let det nærverande steget vere det viktigaste.
Til dette øyeblikket
er du kommet
Til dette grenselandet
mellom det som var
og det som kommer
Her kan du bo
og puste inn
din del av evigheten
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.