På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Kristi forklåringsdag.
Tekst: Luk 9,28-36
«Når Jesus ber ...»
I denne teksten høyrer vi mange ekko frå andre stader i Bibelen.
Jesus og dei tre næraste læresveinane hans går opp i fjellet for å be. Då Moses på vegne av Israelsfolket skulle møte Gud så var det også på eit fjell. Det samfunnet Jesus hadde med Gud i bøna fekk ansiktet hans til å forandre seg og kleda til å verte skinande kvite. Då Moses steig ned frå fjellet skein ansiktet hans slik at han måtte legge eit klede over det så folket skulle tåle å sjå på han.
Det var Peter, Jakob og Johannes som fekk vere med inn i denne mest inderlege samanhangen Jesus levde i. Dei fekk dele og vere vitne til forholdet Jesus hadde til sin Far. Men dei kunne ikkje ha forstått kva det var dei fekk vere med på. Dei fall alle i djup søvn. Mot slutten av livet sitt inviterer Jesus dei samme læresveinane til endå ein gong å stige inn i dette mest intime rommet saman med han. Han ber dei vere med og vake med han når han ber. Heller ikkje no går det opp for dei kva som foregår, og igjen fell dei i søvn.
På fjellet talar Jesus ikkje berre med sin Far. Moses og Elia gir seg og med i samtalen. Saman førebur dei Jesus på det som må komme. I Getsemane, når Jesus i bøn har kjempa seg fram til ei forsoning med det som skal skje, kjem Guds englar og tener han.
Det skjer noko når Jesus ber. Det er ikkje berre ein from vane, men sjølve pulsslaget i livet hans. Det handlar ikkje så mykje om at Gud skal gjere det Jesus vil som at Jesus skal kunne gjere det Han vil som har sendt han. Jesu herlegdom openberra for læresveinane på fjellet, stråleglansen og Guds røyst, løyner seg når kvardagen kjem attende. Då ser vi herlegdomen i krossen, i liding og teneste.
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.