Ord til ettertanke såmannssøndag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til såmannssøndag.

Tekst: 5 Mos 6,1-9

«Herren er vår Gud»

Kva vil det seie å ha ein Gud? Israelsfolket hadde ein Gud som eit kollektiv. Det var ikkje dei som hadde valgt sin Gud, men Han som hadde valgt dei. Han kalla Abraham til å bli stamfar til folket, og skulle seinare bli kalla Gud åt Abraham, Isak og Jakob.

Vi lever i ei mykje meir individualistisk tid. Kvar einskild må ta sitt eige valg om å tru på Gud eller ikkje og om kva Gud ein i tilfelle vil tru på. Trur vi på ein Gud som vi kan elske? – Av heile vårt hjarte, av heile vår sjel og av all vår makt?       (v 4-5) Ein slik Gud er i tilfelle også verdt vår tilbeding, vår tillit og lydnad.

Vårt gudsforhold er personleg. Gud er personleg. Han er slik at vi kan ha eit forhold til han.

Israelsfolket hadde ei historie med sin Gud: «Eg er Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.» (5 Mos 5,6) Historia definerte gudsforholdet deira. Vi har også ei historie med Gud. Kva ville Gud ha sagt til deg om han skulle fullføre denne setninga: «Eg er Herren din Gud som ….»? Det kan av og til vere godt å tenke over kva historie vi har med Gud, sjå dei lange linjene for å vite kven vi har med å gjere. Israelsfolket si historie med Gud var langt ifrå ei solskinnshistorie. Likevel kunne dei når dei såg seg attende få auge på Guds frelse og ha von om igjen å bli fridd ut.

Gudsforholdet har også sin plass i dagleglivet. Det Gud har talt til oss vil han at vi skal «gøyma i hjartet vårt … snakka om når vi sit heime og når vi går på vegen … når vi legg oss og når vi står opp». (v 6-7) Gudsforholdet har plass til gråt og klage så vel som jubel. Fordi relasjonen er personleg, kan vi gå inn i den med heile oss.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake