Ord til ettertanke 6.søndag i openberringstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 6.søndag i  openberringstida.

Tekst: Mark 13,21-27

«Valgets kval»                                                                

Mannen min gjennomgår ei lita mini-krise kvar gong han går tom for sjampo. Han blir ståande framfor hyllemeter på hyllemeter i butikken med produkt for alle tenkelege situasjonar håret ditt kan vere i. Opprådd triv han til slutt det første og beste han ser framfor seg, berre for å oppdage når han kjem heim at han har kjøpt balsam.

Vi står i så mange slags valgsituasjonar i livet. Kva for diett kan fungere for meg når eg prøver å gå ned i vekt? Kva bok av kva sjølvhjelps-guru kan endre livet mitt til det betre? Det er mange å velje blant. Nokre val er viktigare enn andre: Kven skal eg gifte meg med? Kvar skal eg bu?

I nokre val kjenner vi oss heilt frie. Andre val betyr så mykje at livet vel for oss. Vi kjem ikkje unna kjærleiken. Livet fører oss til ein bestemt stad, kanskje til eit bestemt yrke.

Så til det største valget av alle. Kven trur eg meg til i liv og død? Kven er min Messias, min frelsar? Jesus advarer mot falske messiaskandidatar. Det skal komme mange av dei. Og vi ser dei i samfunnet vårt; alt i frå statsleiarar av ymse nasjonalitetar til kriminelle som lokkar med rikdom eller rus. Ver på vakt! Tru ikkje på dei! Når Jesus kjem att skal det vere tydeleg for alle. Det skal ikkje vere nokon tvil om kva som skjer. Då skal han dra alle til seg, frå dei ytste endane av jorda. Då er det ikkje lenger spørsmål om at vi skal velje vår Messias, men at han vel oss.

Hvem skal vi gå til, Herre, vi som famler i mørket?

Gi oss ditt lys, la det brenne klart. Herre, miskunne deg.

 

Hvem skal vi gå til, Herre, vi som synder og sørger?

Du, bare du, er vårt håp, vår trøst. Herre, miskunne deg.

 

Hvem skal vi gå til, Herre, vi som frykter for døden?

Du har det ord som gir evig liv. Herre, miskunne deg.

(Britt G. Hallqvist / Eyvind Skeie N13 nr.480)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake