Ord til ettertanke 5.søndag i openberringstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 5.søndag i  openberringstida.

Tekst: Joh 5,1-15

«Konkurranse i miskunns hus»

Betesda var et kjempestort anlegg med en dam som var 110 meter lang, 40 meter brei og 23 meter djup. Rundt dammen var det 5 buegangar. Hit kom dei sjuke og vanføre, for vatnet hadde helbredende kraft. Av og til blei vatnet opprørt, og då var det den som kom seg først uti som blei frisk.

Betesda betyr «miskunns hus», men dammen hadde ikkje vore spesielt miskunnsam mot den mannen vi møter i teksten. Han hadde vore sjuk i trettiåtte år og hadde aldri klart å komme seg først uti vatnet så han kunne bli lækt. Han var jo lam, og han hadde ingen til å hjelpe seg.

Eg syns eigentleg ikkje denne dammen fortjener namnet «miskunns hus» i det heile tatt. Berre dei beste, dei raskaste, dei som hadde flest til å hjelpe seg, hadde en sjanse. Det var faktisk ein konkurranse, og berre vinnaren kunne bli frisk.

Slik er det ikkje i Guds rike. Johannesevangeliet seier om Jesus at «alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. Alle. Det vil seie ikkje berre dei frommaste, dei snillaste og flinkaste, men alle. Alle som tok imot han.

Då Jesus kom til Betesda, såg han mannen som hadde vore sjuk i trettiåtte år og som ikkje hadde ein sjanse. Jesus fekk medkjensle med han og gjorde han frisk. Det er Jesus som fortener namnet «miskunns hus», ikkje eit damanlegg ved Saueporten i Jerusalem. Gjennom Saueporten førte dei offerdyra som skulle til templet. Men det eigentlege offeret var Jesus Kristus sjølv. Han som med sitt offer gir forsoning og fred med Gud. Det er ikkje en premie vi vinn i en konkurranse, men ein arv som skal delast i søskenflokken, ein arv som er stor nok for alle.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake