Ord til ettertanke 13.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 13.søndag i treeiningstida.

Tekst: Luk 12,41-48

«Forvalteransvar»

Kva har vi fått å forvalte? Fyrst og fremst evangeliet om Guds rike.

I kapittelet før vår tekst gir Jesus dei skriftlærde stryk-karakter når det gjaldt forvaltninga av kunnskapen dei satt på: «Ve dykk lovkunnige! De har teke bort nøkkelen til kunnskapen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, har de hindra.» Å ikkje sjølv gå inn og også hindre andre. Verre kan det ikkje bli.

Hushaldaren har ansvar for dei andre tenarane. Per Fuggeli hadde eit slagord og ei formaning til oss alle: «Ta vare på flokken din.» Vi har alle nokon vi har ansvar for. Vi har ansvar for familie og vener, men også for andre som ikkje står oss så nær. Politikarane våre har eit særleg ansvar. Men det går også ei ansvarslinje frå flokken og tilbake til leiarane. Det handlar om bøn og om å tene med dei gåvene vi har.

Kong Salomo har denne bøna til Gud når han skal vere israelsfolket sin konge: «Gje meg no visdom og vit så eg kan vera førar og leiar for dette folket.» (2 Krøn 1,10

Ansvaret som hushaldar handlar om å sørge for dei andre tenarane slik at dei har det dei treng og kan fungere best mogleg. Det gjeld Jesus sitt tredoble kall til Peter: «Fø lamma mine!» «Gjet sauene mine!» «Fø sauene mine!» (Joh 21,15-17). Når den som er sett til å ta vare på flokken, går inn i tenesta på ein måte som svarar til kall og gåve, blir dei heilage utrusta til teneste. (Ef 4,12)

Kva har vi å bidra med? «Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje.»   (Luk 12,48b)

Herre, la min dag få være

viet deg og riket ditt,

slik at ord og liv må bringe

videre hva du har gitt.

Før meg dit jeg trenges mest,

bruk meg slik du ser det best.

(Liv Nordhaug, N13 nr.716 3.vers)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake