Ord til ettertanke 12.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 12.søndag i treeiningstida.

Tekst: Luk 8,1-3

«Ved Jesu føter»

Det er kvinner det er snakk om i denne teksten. I Lukasevangeliet høyrer vi  meir om kvinnene som Jesus møtte enn det som blir fortalt i Matteus- og Markusevangeliet. I ein av lesetekstane for denne søndagen, frå Jesaja 49, vert Guds omsorg for Israel samanlikna med ei mor som har diebarn. Ikkje Guds farskjærleik vert skildra her, men Guds morskjærleik.

Det var takksemd som gjorde at kvinnene fylgde Jesus og læresveinane hans. Jesus hadde lækt dei. Han hadde gitt dei livet attende, og i takksemd fylgde dei han og tente han og læresveinane hans med det dei åtte. Eg trur nok at dei titt og ofte også satt ved Jesu føter saman med dei tolv. Det er Lukasevangeliet som fortel om søstrene Marta og Maria. Jesus støtta Maria i valget ho gjorde. Ho sette seg ved Jesu føter og høyrde på han, medan Marta styrte på kjøkkenet og dermed oppfylte den kulturelle forventninga til kvinnene.

I den andre leseteksten handlar det om å gje materielle gåver. Kyrkjelydane Paulus reiste til skulle samle inn ei pengegåve til kyrkjelyden i Jerusalem der det var mange fattige. Kvar einskild skulle gje det han hadde sett seg føre.

Tilbake til kvinnene i Jesu fylgje. Dei hadde eigedom. Denne eigedommen stilte dei no til disposisjon for Jesus som «drog omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike». Det lyser kvinneforening lang lei av dette. Ein god orsak til ikkje å gje er dersom vi kan finne feil med måten pengane blir brukt på. Foreiningskvinnene let seg ikkje stoppe av det, men let bøna fylgje gåva. Slik tok dei eit mykje større ansvar enn berre å bidra materielt. Og i fellesskap fann dei midt i travle liv også ein stad å lytte til Guds ord, ein priviligert plass ved Jesu føter.

Ved Jesu føter ei stille stund

Når orda kjem frå hans eigen munn, -

Når eg med Jesus åleine er,

Då er det hugnad å leva her.

(Sangboken 1973. Nr.54, Matias Orheim)

Kari Kvangarsnes Miller

Tilbake