Ord til ettertanke Påskedagen


KRISTUS ER OPPSTANDEN. På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Påskedagen.

 

Tekst: Matt 28,1-10
«Han er ikkje her; han er stått opp»
Kari Kvangarsnes Miller

Noko heilt nytt hende den aller første påskedagen. Jesus hadde vekt opp Lasarus og vist at hans makt strakk seg like inne i døden, men det var den gamle kroppen til Lasarus som vart levande, og døden var berre sett på vent.

Det var noko meir som hende med Jesus påskedag. Grava var ikkje siste kapittel i livet hans. Jesu lekam vart forvandla til ein herlegdomslekam, og det er utenkeleg at han skulle kunne døy igjen. Det livet han lever no er det evige livet, det livet som han har lova at også vi skal få del i.

Himmelen der Jesus lever med sin Far er ikkje fjern og utilgjengeleg. Jesu bodskap medan han gjekk på jorda var at himmelriket var nær. Det var nær fordi han var nær. I sitt jordeliv kunne Jesus vere ein stad om gongen. Etter at han stod opp frå dei døde er det ingen stad han ikkje er.

Vi kan gripe den levande Kristus i tru og bøn. Vi kan strekke ut ei hand og oppleve å bli tatt imot. Læresveinane sin venskap med Jesus tok ikkje slutt ved grava hans. Vår venskap med Kristus tek heller ikkje slutt ved vår grav.

I hagen vår veks mange snøklokker. Dei spreier seg sjølve, så kvart år vert det fleire og fleire av dei. Det høver godt å feire påske om våren. Det nye livet som veks fram frå jorda minner oss om at også vårt liv skal bli forvandla på den andre sida av død og grav.

Saman med Maria Magdalena

og den andre Maria

ser vi denne morgonen

inn i den tomme grava

som gjennom ei open dør

 

På den andre sida er ei verd

bada i lys

Guds venleik skin igjennom

 

Likevel er det vår eiga verd vi ser

ser ho slik Gud skapte henne

ser oss sjølve slik Gud skapte oss

Vi går inn i lyset

                                        (fritt etter Rowan Williams)

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake