Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 2.søndag i openberringstida.
Tekst: Mark 1,3-11
Jesu dåp – og vår
Måleriet til Piero della Francesca frå 1400-talet, som heiter Kristi dåp, syner oss i biletleg form det Markus fortel om i vers 9-11 i teksten vår. Jesus vert døypt av Johannes døyparen i Jordanelva.
Vår eigen dåp inneheld på mange måtar dei samme elementa som Jesu dåp. Vi er døypte med vatn, og Den heilage ande, Faderen og Sonen er til stades. Den treeinige Gud som kjem så tydeleg fram i Markus si forteljing er og til stades i vår dåp, ja, det er i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande vi vert døypte.
I måleriet ser vi tydeleg Sonen og Den heilage Ande. Men Faderen, som er den som openberrar og fortel at Jesus er hans elska Son, ser vi ikkje. Det gjer heller ikkje Jesus eller døyparen eller dei andre som var til stades når Jesus vart døypt. Himmelen delte seg, og Anden dala ned som ei due, men Faderen vart ikkje synleg. I staden høyrde dei røysta hans som sa: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.» Dette er ikkje Faderen sin augneblink. Her står Sonen i sentrum. Og for å sanne det heile stig Anden ned over han som ei due. I Johannesevangeliet vert det lagt til at Anden vart verande over han.
Her har vi vore vitne til Guds kjærleiks introduksjon av Jesus for verda. Når vi kjem til dåpen med eit lite barn seier Gud også her: «Dette er mitt barn, som eg elskar». Og Jesus seier «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.» (Matt 18,5)
Dei tre englane som hjå Piero della Francesca er vitne til Jesu dåp har ansiktsuttrykk som det kan vere litt vanskeleg å tyde og setje ord på. Eg prøver meg med protest, forbausing og sorg, og tenker at her ser dei Guds Son stige inn under syndige menneske sine kår, og dei ser kvar det fører. Vegen hans gjekk frå dåp til kross. Han delte våre kår, så vi skulle få del i barnekåret hjå Faderen saman med han.
Kari Kvangarsnes Miller