Les meldingsbrev frå begge våre sokneprestene.
Gode medarbeidarar!
Det er pinse. «Vinden ser vi ikke, men vi merker den. Snart som stille susing, snart som storm igjen.» Salmeboka nr. 517.
Pinsa vert rekna som kyrkja sin fødselsdag etter underet som skjedde med apostlane då dei fekk Den Heilage Ande. Apg 2.
Den Heilage Ande gir oss kraft og trøyst kvar dag. Det er også han som opnar Skriftene for oss og skaper tru.
Nyleg var det pinsefest for Borgund Menighetsbarnehage med kråke, klovn og prest. Der lærte vi om kva pinse betyr.
Pinsedagen blir det gudsteneste i Ellingsøy kyrkje kl. 11. Etter eit langt opphald blir det godt å møtast til fellesskap, lovsong og nattverd.
Vi er utfordra av biskop Ingeborg til å ha eit særleg fokus på misjonsprosjekt i tida fram til jonsok. Fordi corona-pandemien rammar sterkt over heile verda, treng særleg søsterkyrkjer støtte i ei svært krevande tid. Det er fint om du kan vere med og støtte misjonsprosjektet MIDTØSTEN, VIPPS 106247, kontonr. 3900 33 31923. Merk MISJONSPROSJEKT.
Perioden med open kyrkje er no avslutta når vi kan samlast igjen.
Borgund
Pinsedag vert det trompetmusikk frå kyrkjetårnet kl.1250 og ei enkel gudsteneste med nattverd kl. 1300. Før det er det 2 dåpsgudstenester.
I Borgund vil det vere open kyrkje onsdag og søndag til over sommarferien slik det har vore i fleire somrar. Dette passar godt fordi Borgund er knutepunkt på kystpilegrimsleia som no har fått hovudsenter på Edøy, Smøla i vårt bispedøme.
Framleis er det berre 50 deltakarar som kan vere til stades på alle samlingar, men frå 15.juni vil talet auke, men fortsatt innanfor gjeldande smittevernreglar.
Borgund sitt misjonsprosjekt er i samarbeid med HimalPartner, og vi oppfordrar deg som bur i Borgund til å støtte dette spesielt fram til 24.juni. VIPPS: 106270. Kontonr. 3900 30 82559. Merk HimalPartner.
Når det gjeld KONFIRMANTANE har ungdomsprest og andre medarbeidarar ei avsluttande gruppesamling og vil samle dei igjen før konfirmasjon i september.
Neste fredagsbrev kjem om 2 veker.
Helsing Reidar Standal - tlf. 90631278 og Kari Vatne – tlf. 92065380
sokneprestar