Ellingsøy kyrkjelyd > Vis


Meldingsbrev frå Borgund og Ellingsøy


Denne veka kan du lese meldingsbrev frå begge sokneprestane våre.

«Gud signe vårt dyre fedreland» syng vi i ferdrelandssalmen, og no stemmer verselinja « - og vetteren varer lenge» (vers 3). Vi er  letta over at restriksjonane ikkje lenger er så strenge i samfunnet. Vi får no lov å ha gudsteneste med 50 tilstades fram til 15. juni, og etter det håper vi at kanskje enno fleire kan samlast.
I Borgund vert første gudsteneste Kristi himmelfartsdag 21. mai kl. 11 med nattverd, og då er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld – slik at når det er 50 i kyrkja, er det fullt - og  ein må vente til seinare på dag med å kome inn.  På Ellingsøy er første gudsteneste pinsedag 31.mai kl. 11. Kyrkjene vil vere opne fram til kl. 14 desse dagane, og siste kvarteret les vi dagens tekst og syng ein salme som passar til dagen. 24. og 31. mai er det dåpsgudstenester i Borgund  kl. 11 og 12 for dåpsfamiliane, men det er ope frå 13.00 for andre. På Ellingsøy er det open kyrkje 24. mai frå kl. 12-14.
Konfirmasjon er tidfesta til 19-20. september i Borgund, og på Ellingsøy 26. september. Neste konfirmantkull vi ha oppstart 18. oktober med presentasjonsgudstenester i begge kyrkjene.
Vi vil ut mai i Borgund ha open kyrkje onsdag 16 – 18 og fredag 15-17. Musikk, lystenning og tid for ettertanke/bøn. Vi ventar på nye reglar for oppstart av andre aktivitetar. Barnehagane er godt i gang med sine faste smågrupper, så det er liv rundt dørene  som ellers. Overgangen til ny  barnehageeigar på Ellingsøy ser ut til å ha gått bra. 
17. mai blir annleis i år,  men kyrkjene  vil vere opne kl. 12-14 med salmar som høver for dagen og tekstar ein kan lese eller høyre lest. På Ellingsøy vert det markering ved minnesteinen ca. kl. 11.30.
Utdrag frå smittevernreglane 12.5.2020 frå DNK:

-    Minimum 1 meter mellom kvar person (gjeld ikkje personar i same husstand).
-    Sjuke personar skal ikkje delta 
-    Gode rutiner for handhygiene og reinhald.
-    God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar
-    Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr

Helsing Reidar Standal tlf. 90631278 og Kari Vatne –  tlf. 92065380
sokneprestar

 

Tilbake