Innsettingsgudsteneste av sokneprest Anne-Helen Roaldsnes


22. oktober kl 11 blir Anne-Helen Roaldsnes formelt innsett som sokneprest i Ellingsøy

Anne-Helen Roaldsnes har vore vikarprest og prest under utdanning i Ellingsøy sokn sidan 1. januar 2022. Ho vart ordinert i Valderøy kyrkje i 3. september 2023, og no skal det markerast at Ellingsøy kyrkjelyd tek ho som sin retteleg kalla sokneprest. Dette skjer i starten av innsetjingsgudstenesta søndag 22. oktober kl 11 i Ellingsøy kyrkje. Innsetjinga skjer ved konstituert prost Arnt Sigurd Sollie. Det blir song ved Borgund og Ellingsøy kyrkjekor, og det blir god kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Ellingsøy kyrkje har 25 årsjubileum og dette vil bli markert under kyrkjekaffien. Tidlegare sokneprest Annstein Lothe vil fortelje om kyrkja si historie. Vi håper mange kjem og tek del i markeringa.

Tilbake