Konfirmant i Ellingsøy


Velkomen som konfirmant i Ellingsøy kyrkjelyd.

 

Konfirmanttida er ei viktig tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå? Kva skal eg bruke livet til? Finst Gud? Vennskap og menneskeverd. Sorg og glede. Mote og mobbing. Kjærleik, seksualitet og samliv. Miljø og rettferd. Korleis kan eg bety noko for andre? Kven er Jesus? I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje stille spørsmål. Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.

Last ned konfirmasjonsbrosjyre for 2020 her.
Last ned retningslinjer for assistentar under friluftskonfirmanttimane her.

Tilbake