Lys Vaken


30. nov.-1.des. er det Lys Vaken i kyrkja!

Du kan vere med og overnatte i kyrkja! Vi skal sove i kyrkja frå laurdag 30. nov. til søndag 1. des. og du er invitert til å vere med. Dette er den første helga i advent og kyrkjas «Nyårsaftan». Vi startar laurdag kl. 18:00. Då skal vi bli kjende med kvarandre, leike, vere med å førebu gudsteneste, ha aktivitetar, ete mat og altså overnatte i kyrkja. Viss du ikkje vil sove i kyrkja, kan du vere med laurdag og søndag, men sove heime. Lys Vaken handlar om å vere lys vakne for alt det som skjer rundt oss. Vi skal vere Lys Vakne for kvarandre, for oss sjølve og for Gud.

Søndag et vi frukost saman før vi blir med i gudstenesta. I gudstenesta får 5. klassingane ei bok med utvalde bibelfortellingar i gåve frå kyrkjelyden. Du kan gjerne invitere med nokon du har lyst til å ha med til gudstenesta. Foreldre, søsken og vener er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Ellingsøy Skolekorps er med i gudstenesta. Etter gudstenesta vert det julegrantenning utanfor kyrkja før det vert kyrkjesaft/ -kaffi og loddsal i kyrkjekjellaren.

Meld deg på Lys Vaken innan 24. november. I brevet til dei vaksne er det meir informasjon om påmelding og kva Lys Vaken er. Det du treng å ha med deg får du vite i ein e-post vi sender dei vaksne når du har meldt deg på. Vi håper du vil vere med og gler oss til å sjå deg!

DU KAN MELDE DEG PÅ HER.


Helsing
Anne-Helen, Christian og Mariann

 

Tilbake