Ord til ettertanke treeiningssøndag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til treeiningssøndagen.

Tekst: Luk 24,45-48

«Venner, del!»

Teksten denne søndagen er frå Jesu avskilstale til læresveinane sine. Her får dei oppdraget med å videreføre og utbreie det som hadde vore Jesu eigen bodskap: omvending og forlating for syndene.

Omvending er meir enn å freiste halde seg borte frå einskilde synder. Det er å vende om på heile den retninga vi går i og våge å vende ansikt og blikk mot Gud. Det som gjer omvending mogleg er Guds kall og Guds nåde. Gud lokkar oss attende til samfunn med seg når vi har gått våre eigne vegar og gjort hjarta våre harde. Hos han blir vi møtt med tilgjeving.

Denne gode bodskapen har si rot og sin grunn i at Jesus var villig til ikkje berre å leve blant oss og forkynne Guds frelse, men at han var villig til å framskaffe denne frelsa ved si liding og sin krossdød. No er det den oppstadne som sender oss ut. Vi skal byrje der vi er og la bodskapen breie seg ut i stadig vidare sirklar.

Bodskapen er det Anden let oss forstå av det vi finn i Guds ord. Men vi skal også bere vitnemål om det vi har sett og høyrt, vår personlege erfaring.

Verda treng ord og handling som har sine røter i evangeliet. Det betyr noko, det du vitnar og gjer der du er.

 

Brød for verden vil du være.                             Brød for verden! Herre Jesus,

Jesus, du er livets brød,                                      du som metter kropp og sjel,

du som, sendt fra høye saler,                            hvor er mat for verdens vrimmel?

delte kår i disse daler.                                         Hvor er brød og håp og himmel?

Du er næring i vår nød.                                       Du er svaret: Venner, del!

 

(Per Lønning, N13 nr.714 vv.2 og 5)

Evangeliet i alle sine uttrykk er det vi og verda treng. Botnlaus er nauda. Utan ende Guds kjærleik.

 

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake