Ord til ettertanke 6.søndag i Påsketida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 6.søndag i påsketida.

Tekst: Matt 6,7-13

«Slik skal de be»

Bøna som Jesus lærte læresveinane sine inneheld sju eigentlege bøner. Først tre som handlar om Gud og så fire som handlar om oss sjølve.

Den første bøna handlar om Guds namn, om Guds namn og rykte, kunne vi seie. Vi ber om at Gud sjølv må haldast heilag og i ære mellom oss. Dette er ei bøn om at vi må oppfylle det største bodet: å elske Herren vår Gud av heile vårt hjarte og av heile vår sjel og av all vår makt (5 Mos 6,5). Held vi dette bodet vil Guds namn lyse heilagt over jorda.

Den neste bøna handlar om Guds rike. Guds rike er der Hans vilje skjer, så denne bøna heng nøye saman med den neste. Vi ber om at Guds rike skal komme og om at Guds vilje skal skje på jorda. Det er voldsomme kontrastar mellom kva Jesus ber oss be om og det som fjernsynet dagleg viser oss. Men det er Gud vi ber til, og det er våre eigne liv vi gong etter gong legg fram for han for tilgjeving og fornying. Vi lever i håpet, og Jesus har sjølv bedt oss bruke desse orda.

Desse tre første bønnene i Fader Vår er kanskje dei tre viktigaste. Her får vi løfte blikket frå alt vårt, frå våre tankar til Guds tankar. Resten av bøna handlar om våre daglege behov både materielt og andeleg. Det handlar om brød, tilgjeving og å bli bevart frå freisting og vondskap. Gud veit at vi treng alt dette. Vår himmelske Far gler seg når vi klagar vår naud til han og fortel han kva vi ønskjer, men det tente oss kanskje endå betre om vi skapte eit større rom for Han i bøn og liv.

La meg være et kar

og et beger

for Din kjærlighet

La folk få ta et bad

La dem få

legge en byrde av

La dem så få drikke

av Din sterke gledens bekk

 

La tårene

aldri være langt borte

eller gleden vingestukket

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake