På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 1.søndag i advent.
Tekst: Matt 21,10-17
«Rydde ut og sleppe inn»
Eit nytt år byrjar første januar, men kyrkjeåret byrjar første søndag i advent. Godt nyttår! I overgangen til eit nytt år gjer vi oss tankar om året som gjekk og året som skal komme. Kva skal vi ta med oss vidare av det som prega det gamle året og kva skal vi rydde bort?
På denne nyttårsdagen høyrer vi teksten om at Jesus rydda. Han rydda på tempelplassen. Han dreiv bort pengevekslarane og dei som selde offerdyr og velta borda deira. Kanskje var det noko grunnleggjande feil med måten folket dyrka sin Gud på? Kanskje var Gud lei av offergåver som kunne kjøpast for pengar?
Gud vil ha miskunn, ikkje offer. Jesus viste sjølv kva som var ekte gudsdyrking då han tok seg av dei blinde og lamme som samla seg om han og lækte dei, og då han tok imot lovprising frå barnemunn.
Denne dagen handlar om å rydde ut og å sleppe inn. Det handlar om å rydde ut av livet det som ikkje gir velsigning, og å sleppe inn våre medmenneske. Kanskje er det noko ved sjølve gudsdyrkinga vår som vi kan endre på? Kanskje stenger ho andre ute? Det var godt dersom vi i dette nye året kunne finne ein veg til våre medmenneske og dersom kroppen vår som er Guds tempel, kunne verte eit bønehus.
Velsigninga går gjennom
heile meg
til deg
Kjærleiken kveiker eld
på alle alter i mitt indre
så lekamen logar
i heilage ynskje
om fred og signing
på all di ferd
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.