Ellingsøy kyrkjelyd > Vis


Fastetid


Treng vi faste?  Treng vi fastetida? 
 

Kan verke som ein kuriositet frå gamle dagar.  Vi lever trass alt i ei moderne tid i året 2020.  Vel.  Det har folk sagt til alle tider.  Likevel opplever også vi at det er så mykje som kallar på merksemda vår og vil ha plass i tanke og tid.  Ikkje alt fortener plass eller vår merksemd.  Ikkje alt er like viktig.  FASTETIDA kan vere til hjelp for oss å bli meir vakne på kva som er viktig og verdfullt i livet, både dagleglivet og i trua sitt liv.  Regelmessig lesing i Bibelen gir påfyll til trua.  Bibellesing gir også tilfang til etisk refleksjon og hjelp til å velge rett i små og store saker.  

Vi vil oppfordre folk flest til å la fastetida vere ei modningstid der Guds ord er sentralt og fellesskap med andre livsvandrarar blir prioritert.  Ikkje minst er det å leve seg inn i Jesu vandring mot Jerusalem og påskehendingane som venta han der, heilt sentralt i fastetida.  

God faste!

Tilbake