På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 25.søndag i treeiningstida.
Tekst: Matt 14,22-34
«Jesus og Peter går på vatnet»
Nokre personar søker spenning. Dei dreg seg ikkje unna, men er midt i det som skjer. Andre trivst best som tilskodarar. Eg tenker at Peter hadde noko av dette spenningssøkande karakterdraget. Han var ikkje ein som passivt opplevde det som skjedde, men tok aktivt del og var med på å omforme situasjonane han var i. Han hogg øyret av soldaten i Getsemane. Han protesterte først, då Jesus ville vaske føtene hans, men ba så om at Han måtte vaske heile kroppen. Han følgde etter då Jesus blei arrestert.
I forteljinga i vår tekst er dei andre læresveinane vel fornøgde med å bli verande i båten og sjå at Jesus går på vatnet. Dei blir redde og veit ikkje kva dei skal tru. Er det eit gjenferd? Men Peter tek initiativet. Nett no har han ei stor tru. Dersom dette er Jesus, han som nettopp har metta fem tusen med fem brød og to fiskar, så kan alt skje. Den ivrige Peter snakkar nesten før han får tenkt seg om: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» Og Peter går på vatnet.
Nokre gonger kan vi oppleve at det er for lite spenning i livet vårt. Andre gonger har vi nok, og kanskje meir enn nok. Det er noko med det å følge Jesus som ikkje er keisamt. Vi kan bli leia inn i situasjonar som utfordrar trua vår. Kvardagen vår kan vere ørlite grann som å gå på vatnet. Då blir det viktig at det er Jesus som har bedt oss komme. Han har bedt oss komme til seg midt i stormen på det opprørte havet.
Eg klyngjer meg til Deg
som til ei livbøye
Utan Deg drukna eg
her på dette endelause
havet
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.