Velkomen til friluftsgudsteneste for små og store og til misjonsløp til inntekt for NMS søndag 15.august.
Søndag 15.august kl.11.00 inviterer Ellingsøy kyrkjelyd til friluftsgudsteneste for små og store ved kyrkjenaustet.
Etter gudsteneste blir det grilling i fjøra. Ta med kyrkjekaffi-mat og/eller grillmat. Vi ordner med grill og bålpanne. Hugs å ta med noko å sitte på.
Det blir aktivitetar for små og store og vi arangerer misjonsløp til inntekt for misjonsprosjektet vårt i samarbeid med NMS. Vi setter opp ei løype og alle som ønsker kan enten løpe, gå, hoppe, trille eller bevege seg på ein anna måte. Ein kan enten sponse ein deltakar med eit fast beløp eller eit beløp per fullført runde. Eller ein kan gi eit fritt beløp uavhengig av deltakar. Sponsing/betaling skjer med VIPPS.
Bli med og støtt arbeidet til NMS i midtausten.
Velkomen!