Orgelpresentasjon på ettermiddagstreff

29.03.2017

Orgelpresentasjon på ettermiddagstreff

Onsdag 22.mars fekk frammøtte på ettermiddagstreff lære meir om orgel som instrument generelt, og om vårt eige instrument spesielt. 

Orgelet blir kalla INSTRUMENTA SI DRONNING, ikkje minst p g a av det har så stort høve til  mangfoldig uttrykk og variasjon.  Det er sjølvsagt ulik storleik på orgel med tanke på antal stemmer og piper, og veldig stor variasjon frå den djupaste bass til dei lysaste tonar.  I tillegg er klangvariasjonen stor. 

Kantor Jann Elling Koppen fortalde om orgelet si historie og utvikling.  Han viste også kva slags spenn orgelet i Ellingsøy kyrkje har i seg, og avslutta det heile med eit velkjent orgelstykke av sjølvaste Johann Sebastian Bach:  Toccata og Fuge i d-moll. 

Alle frammøtte let vel over både informasjonen og musikken.